Høyring av løyve til gjenvinningsanlegg for plast

Høringsfrist:
18. februar 2017

Gangstø Transport AS søker om løyve etter forureiningslova til mottak, mellomlagring og gjenvinning av plastavfall og mottak av kasserte tau/trosser på gnr. 322 bnr. 75 – 77 i Vikebygd, Vindafjord kommune.

Publisert 18.01.2017

Det blir søkt om å halde fram med å ta imot plastavfall og gjenvinne dette slik det vert gjort i dag. Verksemda vil og framleis ta imot, mv. avfall av typen tau/trosser.

I eit løyve vert det mellom anna satt vilkår for å hindra forureining og motverke at anlegget verkar skjemmande.

Uttale til omsøkt tiltak kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå kunngjeringspunktet.