Endra løyve til arbeid i sjø på vestsida av Risøy

Høringsfrist:
14. august 2013 09:30

Fylkesmannen har etter søknad endra løyve av 29.11.2011 til Aibel AS til arbeid i sjø på vestsida  av Risøy i Haugesund kommune. Løyvet gjaldt fjerning av grunnar og utdjuping ved verksemda sin kai.

Publisert 30.07.2013 av Administrator

I samband med komande oppdrag på plattform er det trong for etablering av seks grusputer på sjøbotnen utanfor kaien som underlag ved landing av plattformen. Kvar gruspute har eit areal på om lag 400 m2. Sprengsteinsmassar skal nyttast som underlag for to av grusputene.

Vedtaket om endring av løyet kan klagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.