Endra løyve til Reve kompost AS

Høringsfrist:
17. april 2018

Reve kompost AS søker om å gjere endringar i løyve etter forurensningslova §11, jf §16. Det vert søkt om auke i mottakskapasitet frå 10 000 tonn til 25 000 tonn organisk avfall per år på komposteringsanlegget. Anlegget er plassert på Refve gnr. 41 bnr. 3 Nordsjøvegen 520 i Klepp kommune.

Publisert 15.03.2018

Reve kompost AS søker også om å utvide talet på fraksjonar som kan tas imot på anlegget. Samstundes vil verksemda lukke komposteringsprosessen og reinse avtrekkslufta. Reve kompost AS vil også bygge eit innandørs lager for ferdig kompost.

Merknader skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 17. april 2018.

Sjå høyringsbrev og søknad i vedlegga til denne nettsaka.