Nytt naturreservat vedteke i Brønnøy kommune
Fredag 15.03.2019 vart Ursvatnet naturreservat i Brønnøy kommune verna ved kongeleg resolusjon. Området er verna gjennom ordninga med frivillig vern av skog, og er eit ledd i Regjeringa si satsing på skogvern.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ursvatnet naturreservat er 6631 daa stort og føremålet er å ta vare på eit område med frodig, velutvikla kalkgranskog. Dominerande treslag er furu og gran, men det er også ein del boreale lauvtre som bjørk, rogn, osp og selje, samt svært lokalt varmekjære artar som hassel og alm. Karplantefloraen er ganske artsrik og inkluderer ein del kalkkrevande arter som for eksempel bergveronika, bergskrinneblom, brudespore og raudflangre. Det er også registrert enkelt raudlista artar som gullprikklav, gubbeskjegg og huldrelav.
Halvparten av alle trua artar i Norge finst i skog. Hundrevis av insektsartar og soppartar, og enkelte fuglar, er avhengig av død ved og gammal skog. Skogvern er derfor eit viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg.
Stortinget vedtok i 2016 eit mål om vern av 10 prosent av skogarealet. Etter det siste vernevedtaket er vi eit skritt nærmare målet. Til no er over 3,6 prosent av den produktive skoge i lander verna, og over 4,8 prosent av det samla skogsarealet.
Du kan lese meir om vedtaket på nettsidene til Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet.