Kartlegging av naturtypar i Nordland
Sommaren 2017 vert det gjennomført kartlegging av naturtypar etter NiN-systemet på oppdrag frå Miljødirektoratet. I Nordland skal det kartleggast elleve områder i Steigen, Hamarøy, Tysfjord, Grane, Alstahaug og Herøy.
Ein del av kunskapsløftet for natur
Kartlegginga er ein del av kunnskapsløftet for natur som vart vedtatt av Stortinget i 2015, og inngår i eit landsomfattande prøveprosjekt med heildekkande kartlegging av naturtypar etter ny metodikk (Natur i Norge - NiN). Føremålet er å få betre og meir nøyaktig oversikt over naturareala, mellom anna til bruk i arealforvaltninga i kommunane.
Elleve områder skal kartleggast i Nordland
I Nordland skal det kartleggast i elleve områder i kommunane Steigen (eitt område), Hamarøy (fire områder), Tysfjord (to områder), Alstahaug (eitt område), Herøy (to områder) og Grane (eitt område). Det blir kartlagt i ruter à 500 x 500 meter, og områda i Nordland dekkjer 1 til 46 ruter. Kart over områda som skal kartleggast finn du i høgremargen.
Grunneigarar får tilsendt brev med informasjon om kartlegginga
Det skal sendast ut informasjonsbrev til alle grunneigarane som er berørt av kartlegginga.
Spørsmål kan rettast til Miljødirektoratet
Spørsmål om oppdraget kan rettast til Miljødirektoratet, gjerne ved å bruke denne epostadressa: ninkartlegging@miljodir.no. Adressa er betjent gjennom heile sommaren.