Digitalt grunnkurs i økonomisk rådgivning

Dato:
20. april 2021 08:30 - 21. april 2021 15:00
Sted:
Digitalt – nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltarane i Trøndelag og Vestland, i samarbeid med statsforvaltarane i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette spesialistar i Nav innan økonomisk rådgjeving (økonomisk rådgjevar/gjeldsrådgjevar)
Påmeldingsfrist:
18. april 2021 23:59

Statsforvaltarane inviterer til digitalt grunnkurs i økonomisk rådgjeving 20-21. april 2021. Grunnkurset retter seg mot tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette i Nav som skal jobbe innanfor økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Du kan melde deg på kurset no. 

Publisert 18.03.2021

Målet er at tilsette i Nav som tek grunnkurset skal kunne gje økonomisk rådgjeving på eit generelt nivå.

Grunnkurset er ein del av Statsforvaltarens kursrekkje innan økonomisk rådgjeving, og det andre kurset i ei rekkje på tre; basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs. Om tidspunktet for dette kurset ikkje passar, arrangerer vi tilsvarande grunnkurs 10-11. mai 2021

Kvifor tilbyr vi dette kurset?

Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret, og tilsette i Nav-kontora treng grunnleggjande kunnskap om tenesta og aktuelle tema for å kunne gi generelle råd å rettleiing og for å kunne vidareformidle personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving.

Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. Difor er det viktig at tilsette i Nav har kunnskap om økonomisk rådgjeving om dei avdekker slike problem.

Kva skal du sitje att med etter grunnkurset?

  • Kjennskap til når brukar kan få tenesta økonomisk rådgjeving.
  • Auka kjennskap til rolla som økonomisk rådgjevar.
  • Kunnskap om dei ulike nivåa for rådgjevinga.
  • Kunnskap om korleis hjelpe brukar med personleg økonomi.
  • Kjennskap til heilskapleg løysing v brukar sin gjeldssituasjon.
  • Hjelpe med førespurnad til Namsmannen om utleggstrekk og utleggspant.
  • Kjennskap til pengekrav, misleghald og forelding.

Forkunnskap

Kjennskap til modulen «Råd og veiledning av brukere med økonomiske problemer»

Praktisk informasjon

Om du har delteke på grunnkurs i økonomisk rådgjeving tidlegare, er du ikkje i målgruppa for dette kurset og vil ikkje bli prioritert. Om du er usikker på om du er i målgruppa, ta kontakt med kontaktpersonane for kurset, sjå fana "Kontaktpersonar" for kontaktinformasjon.

Føredragshaldarar på grunnkurset er Daniel Bergamelli, Statsforvalteren i Trøndelag og Inger-Helene Søgnen, Statsforvaltaren i Vestland.

Kurset er digitalt og går via Microsoft Teams. Påmeldte får tilsendt lenkje før kurset til e-postadressa som er registrert i påmeldingsskjemaet.

Vi tek sikte på å publisere program og avklare endeleg tidsramme for dei to kursdagane veka etter påske. 

Statsforvaltaren sitt kurstilbod innan økonomisk rådgjeving

På grunn av koronasituasjonen, held vi kursa i økonomisk rådgjeving digitalt denne våren. Vi held felles digitale kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Som deltakar melder du deg på det kurset som passar best for deg.

Statsforvaltaren tilbyr tre typar kurs innan økonomisk rådgjeving: basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.

  • Basiskurset er eit heilt grunnleggjande kurs for deg som arbeider i Nav og andre tenester med å hjelpe menneske som kan få eller har økonomiske problem
  • Grunnkurset er eit grunnleggjande kurs for deg som arbeider i Nav med å hjelpe menneske.
  • Det vidaregåande kurset er et kurs for deg som er tilsett i Nav og arbeider med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving.

I vår tilbyr vi desse kursa:

Dato:
20. april 2021 08:30 - 21. april 2021 15:00
Sted:
Digitalt – nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltarane i Trøndelag og Vestland, i samarbeid med statsforvaltarane i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette spesialistar i Nav innan økonomisk rådgjeving (økonomisk rådgjevar/gjeldsrådgjevar)
Påmeldingsfrist:
18. april 2021 23:59