Kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2025

Søknadsfrist:
17. mars 2025 23:59
Målgruppe:
Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er brukarar av omsorgstenesta og deira pårørande.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommunen, interkommunale selskap, universitet og høgskolar
Rapporteringsfrist:
1. mars 2026 23:59

Desse tilskotsmidlane skal bidra til at det blir iverksett kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid.

Publisert 28.01.2025

Målet for ordninga

Målet er å bidra til å redusere mangelen på personell med relevant fagutdanning i omsorgstenesa, og legge tilrette for ein berekraftig omsorgsteneste. 

Tildelingskriteriar 

Det blir gjort ein skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing. 

Statsbudsjettreferanse er kap. 0761 post 68. 

Total ramme for tilskotet er 369 900 000. Tilskot til fordeling i Møre og Romsdal er ikkje kjent enno. 

Søknad

Søknad skal bli sendt i Altinn med ein felles nasjonal søknadsfrist 17. mars 2025. Det er ikkje høve å få utsett søknadsfrist. 

Søknadskjemaet i Altinn: ID-porten

Rettleiing for å fylle ut søknadsskjema 
Regelverket for tilskotsordninga. Dette er ikkje endra frå 2024 til 2025.

Rapportering

Det skal rapporterast til Statsforvaltaren innan 2. mars 2026 for midlar som blir tildelt i 2025.

For samla tilskot over kr. 200 000 og høgare er det krav om revisorkontroll. 

Søknadsfrist:
17. mars 2025 23:59
Målgruppe:
Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er brukarar av omsorgstenesta og deira pårørande.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommunen, interkommunale selskap, universitet og høgskolar
Rapporteringsfrist:
1. mars 2026 23:59