Klimasats gjev kommunane sjansen til å søkje om midlar til prosjekt som reduserer direkte utslepp av klimagassar. Med ein pott på 8,1 millionar kroner, er det store moglegheiter for å få støtte til prosjekt som kan setjast i gang allereie komande år. Søknadsfristen er 15. januar. (Potten kan aukast med ytterlegare 100 millionar, og det vil kome ny søknadsfrist for desse midlane seinare på året.)
Natursats gjev tilskot til utarbeiding eller revidering av kommunedelplanar, planvask av eldre arealplanar og lokale tiltak for å ivareta naturmangfaldet. Her kan det òg søkjast om planleggingsmidlar som gjer det mogleg å kome i gang raskt. Søknadsfristen for denne ordninga er 15. februar.
Kommunar som er råka av vindkraftutbygging, som Smøla, Aure og Kristiansund, kan søkje om midlar til tiltak som tek vare på natur og friluftsliv. Fristen for desse søknadene er 1. februar.
Naturrestaurering er er òg ein viktig del av tilskotsordningane, der kommunar kan søkje om minimum 100 000 kroner til prosjekt som forbetrar eller gjenopprettar tilstanden i økosystem. Søknadsfristen er 15. januar.
I tillegg er det tilskot tilgjengeleg for klimatilpasning, tiltak i vann og bevaring av trua natur. Desse ordningane har ulike søknadsfristar, men alle har som mål å styrke innsatsen til kommunane for å møte klima- og naturutfordringar.
Statsforvaltaren oppmodar alle kommunane i Møre og Romsdal til å søkje om desse midlane for å bidra til ei berekraftig framtid.
Kontaktpersoner hjå Statsforvaltaren:
- Anne Melbø (Klimasats og klimatilpasning)
- Bjarne Otnes (Natursats plan)
- Hege Steigedal (Natursats tiltak)
- Ola Betten (Vindkraft)
- Solveig S. Berg (Naturrestaurering)
- Geir Moen og Mathias Strømmen (Tiltak i vatn)
- Marita Fjelle (Bevaring av natur)