Husbanken lyser ut tilskot til bustadtiltak
- Søknadsfrist:
- 1. april 2024
- Målgruppe:
- Personar som treng støtte for å skaffe seg eigna bustad
- Ansvarlig:
- Husbanken
- Hvem kan søke:
- Kommunar
Tilskotet skal legge til rette for fleire eigna bustader i heile landet, gjennom testing av nye bustadtiltak. Det skal også stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon. Søknadsfrist er 1. april 2024.
Publisert 01.03.2024
Målet med tilskotet er å støtte prosjekt som på ulike måtar bidreg til å førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden. Prosjekta skal kunne bidra til at alle kan skaffe seg, og behalde, ein eigna bustad, uansett kor i landet dei bur.
Tilskotet støttar regjeringa sin strategi for den sosiale bustadpolitikken: Alle treng ein trygg heim (2021-2024).
Tilskotet kan gå til
- bustadsosiale tiltak
- bustadtiltak i distrikta
- leigebuarorganisasjonar
Les meir om tilskotsordninga og send inn søknad på Husbanken sine nettsider Tilskot til bustadtiltak - Husbanken
- Søknadsfrist:
- 1. april 2024
- Målgruppe:
- Personar som treng støtte for å skaffe seg eigna bustad
- Ansvarlig:
- Husbanken
- Hvem kan søke:
- Kommunar