Oppfølging av vaksne med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester
- Søknadsfrist:
- 7. april 2024
- Målgruppe:
- Vaksne med alvorleg psykisk helse- eller rusmiddelproblematikk og evt. samtidig valdsproblematikk, med langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte.
- Ansvarlig:
- Helsedirektoratet
- Hvem kan søke:
- Kommunar, Interkommule selskap
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2024
Tilskotet skal styrke tilbodet til personar med langvarige og samansette tenestebehov. Dette skal skje gjennom å etablere heilskaplege, samtidige og tverrfaglege tenester frå ulike nivå og sektorar.
Publisert 14.02.2024
Ved å styrke tilbodet til personar med langvarige og samansette tenestebehov er målet å bidra til:
- Ei tenesteutvikling som skjer på målgruppa sine eigne arenaer og premissar, med sikte på sosial inkludering, fleire friske leveår, betra livskvalitet, meistring og moglegheit for ein aktiv og meiningsfull tilvære
- At fleire kommunar og helseføretak etablerer og set i verk kunnskapsbaserte metodar, modellar og tiltak for målgruppa
- Omstilling av eksisterande tenester innan psykisk helse og rus, i retning av meir oppsøkjande, samanhengande, integrerte og fleksible tenester i kommunar og helseføretak
Målgruppa er vaksne med alvorleg psykisk helse- eller rusmiddelproblematikk og evt. samtidig valdsproblematikk, med langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte.
Søknads- og rapporteringsfrist til Statsforvaltaren er 7 april 2024.
Me gjer merksam på at Helsedirektoratets utlysing har to ulike datoar for søknad og rapportering. Statsforvaltaren ønsker dette samla innan 7. april.
- Søknadsfrist:
- 7. april 2024
- Målgruppe:
- Vaksne med alvorleg psykisk helse- eller rusmiddelproblematikk og evt. samtidig valdsproblematikk, med langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte.
- Ansvarlig:
- Helsedirektoratet
- Hvem kan søke:
- Kommunar, Interkommule selskap
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2024