Oppfølging av barn og unge med psykiske helseutfordringar og rusmiddelrelaterte problem

Søknadsfrist:
7. april 2024
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske helseutfordringar eller rusmiddelrelaterte problem som har behov for førebygging, utgreiing, behandling og oppfølging, og dessutan dei som lever med høg risiko for å utvikla alvorleg funksjonsnedsetjing og familiane deira
Ansvarlig:
Helsedirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar, Interkommule selskap
Rapporteringsfrist:
1. april 2024

Tilskotet er meint styrke tilbodet til barn og unge med psykiske helseutfordringar og problematisk rusmiddelbruk, med særleg vekt på barn og unge som har behov for langvarig, tilpassa eller samansett oppfølging.

Publisert 13.02.2024

Ved å stimulere til heilskaplege tenester og forpliktande samhandling mellom ulike nivå og sektorar vil ein bidra til:

  • At tenesteutviklinga skjer på premissane og arenaene til barn og unge, med vekt på tidleg innsats, livsmeistring og sosial inkludering lokalt 
  • Målgruppa sin deltaking i aktivitetar med sikte på betra livskvalitet, meistring og moglegheit for ein aktiv og meiningsfullt tilvære
  • At fleire kommunar og helseføretak etablerer og set i verk kunnskapsbaserte metodar, modellar og tiltak for målgruppa
  • Omstilling av eksisterande tenester innan psykisk helse og rus, i retning meir oppsøkjande, samanhengande, integrerte og fleksible tenester i kommunar og helseføretak
  • Halde fram utprøving og evaluering av nye metodar/arbeidsformer og modellar på psykisk helse-, rus- og valdsfeltet

Målgruppa er barn og unge med psykiske helseutfordringar eller rusmiddelrelaterte problem som har behov for førebygging, utgreiing, behandling og oppfølging, og dessutan dei som lever med høg risiko for å utvikle alvorleg funksjonsnedsetjing og familiane deira.

Det er gjort nokre endringar og tydeleggjeringar i regelverket i år. Vi oppmodar difor om å lese regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.

For meir informasjon om tilskotsordninga, og utfyllande informasjon om prioriteringar sjå regelverket for tilskotsordninga.

Me gjer merksam på at Helsedirektoratets utlysing har to ulike datoar for søknad og rapportering. Statsforvaltaren ønsker dette samla innan 7. april.

Søknadsfrist:
7. april 2024
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske helseutfordringar eller rusmiddelrelaterte problem som har behov for førebygging, utgreiing, behandling og oppfølging, og dessutan dei som lever med høg risiko for å utvikla alvorleg funksjonsnedsetjing og familiane deira
Ansvarlig:
Helsedirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar, Interkommule selskap
Rapporteringsfrist:
1. april 2024