TryggEst, tilskot til tiltak for kompetanseheving mot vald mot risikoutsette vaksne

Søknadsfrist:
31. mars 2024
Målgruppe:
Målgruppa er vaksne i sårbare livssituasjonar, herunder personar med utviklingshemming, eldre, personar med psykisk eller somatisk sykdom, personar med nedsett funksjonsevne m.fl.
Ansvarlig:
Bufdir
Hvem kan søke:
Kommunar som har innført, eller har vedtatt å innføre TryggEst i kommunen, kan søke om midler. For å få innvilga tilskot må kommunen organisere eller ha starta opp med TryggEst i kommunen ved søknadstidspunktet eller binde seg til å starte opp TryggEst i løpet av tilskotsperioden. Kommunen må kunne vise til vedtak om oppstart av TryggEst på politisk eller administrativt nivå i kommunen. Kommunen må delta i statistikkrapportering til Bufdir. Kommunar som tidlegare ikkje har fått midlar vil bli prioritert.

Kommunar som har innført eller har vedtatt å innføre TryggEst i kommunen kan søke om midlar. 

Publisert 24.01.2024

Søknad kan du sende via: Tilskudd til TryggEst | Bufdir

Målet med tilskotsordninga er tredelt:

  • stimulere kommunane til å starte med TryggEst. Nye kommunar vil derfor vere prioritert.
  • bidra til auka kompetanse om vald og overgrep blant tilsette i relevante tenester, og auka kjennskap til TryggEst blant tilsette og innbyggarar, herunder målgruppa for TryggEst
  • Tilskotssordninga skal også bidra til at vald og overgrep mot risikoutsette vaksne vert førebygd og avdekka, og at sakene blir handtert på ein god og forsvarleg måte.

Ordninga skal også legge til rette for auka kompetanse om vald og TryggEst generelt, ved å bidra til:

  • at innbyggarar i kommunen får kjennskap til TryggEst og om korleis dei kan melde frå ved bekymring om vald og overgrep, og at innbyggarar i målgruppa for TryggEst får auka kunnskap om vald og overgrep og korleis ein kan få hjelp.

Kva kan det bli søkt om og utmåling av beløpet
De kan søke om midler til:

  • deltaking på aktuelle kurs eller utdanningar som vil gi auka kompetanse som understøttar TryggEst i kommunen,
  • planlegging og gjennomføring av lokale kurs/fagdagar/personalsamlingar,
  • utarbeiding av lokalt informasjonsmateriell (brosjyrer, filmar, nettbasert informasjon og liknande),
  • gjennomføring av kurs/samtalegrupper for målgruppa
  • tiltak for å gi informasjon til innbyggarar i kommunen om TryggEst. Tiltaka skal rettast mot:
  • kommunal TryggEst-koordinator,
  • kommunalt TryggEst-team,
  • tilsette i aktuelle kommunale tenester,
  • innbyggarar generelt (informasjonsmateriell om kommunal TryggEst ordning), og
  • målgruppane i TryggEst, f.eks. personar med utviklingshemming, eldre, pasienter og brukarar.

Kvar kommune kan maksimalt søke om kroner 400 000,-. For kommuner kor det vert oppretta eigne team i den enkelte bydel, vil bydelene kunne sjåast som sjølvstendige kommunar i tildeling av tilskot. Det blir ikke gitt midlar til å finansiere drift av TryggEst i kommunen.

Meir informasjon om tilskotsordninga finn du i Regelverk for TryggEst 2024 (bufdir.no)

Søknad kan du sende via: Tilskudd til TryggEst | Bufdir

 

Søknadsfrist:
31. mars 2024
Målgruppe:
Målgruppa er vaksne i sårbare livssituasjonar, herunder personar med utviklingshemming, eldre, personar med psykisk eller somatisk sykdom, personar med nedsett funksjonsevne m.fl.
Ansvarlig:
Bufdir
Hvem kan søke:
Kommunar som har innført, eller har vedtatt å innføre TryggEst i kommunen, kan søke om midler. For å få innvilga tilskot må kommunen organisere eller ha starta opp med TryggEst i kommunen ved søknadstidspunktet eller binde seg til å starte opp TryggEst i løpet av tilskotsperioden. Kommunen må kunne vise til vedtak om oppstart av TryggEst på politisk eller administrativt nivå i kommunen. Kommunen må delta i statistikkrapportering til Bufdir. Kommunar som tidlegare ikkje har fått midlar vil bli prioritert.

Kontaktpersoner