Søk tilskot frå skogbruket sine rentemidlar

Søknadsfrist:
15. januar 2024 23:59
Målgruppe:
Organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren

Organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar kan søkje om tilskot frå fylkesinntrekte rentemidlar til konkrete prosjekt og tiltak som fremmer skogbruket. 

Publisert 30.11.2023

Skogfondet består av midlar som skogeigarane pliktar å setje av ved alt sal av tømmer og biobrensel, kor føremålet med ordninga er å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane.

Skogeigaren har ikkje krav på renter av skogfondet, men rentene vert brukt til føremål som skal komme skogbrukets fellesskap til gode.

Kven kan søkje?

Organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar kan søkje om tilskot frå fylkesinntrekte rentemidlar

Kva for tiltak kan få tilskot

Ein kan gje støtte til FoU-prosjekter, informasjon/opplæring/rettleiing, undersøkingar, samt fellesutgifter i samband med skogfaglege arrangement.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil prioritere søknadar som er i tråd med måla i Melding om kystskogbruket og  Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal.

Sjå heile utlysinga her

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknaden skal innehalde følgjande:

  • Kortfatta beskriving av prosjektet eller tiltaket
  • Enkel framdriftsplan
  • Informasjon om prosjektorganisering
  • Kostnadsoverslag og finansieringsplan
  • Søknadsbeløp
  • Plan om rapportering og korleis resultata skal formidlast
  • Gjerne syne kva effekt omsøkte tiltak har på FNs berekraftsmål og verdiskaping i skogbruket framover

Søknad sendast sfmrpost@statsforvalteren.no eller

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Landbruksavdelinga
Postboks 2520
6404 Molde

Merk søknaden med «Fylkesinntrekte rentemidlar 2024 i Møre og Romsdal»

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist er 15. januar 2024

Den forventa renteinntekta vil variere med inneståande skogfondsbehaldning og rentesats. Statsforvaltaren vil etter søknadsfristen utarbeide eit budsjettforslag for bruk av rentemidlar for 2024 som skal leggjast fram på strategiutvalsmøtet  for skogbruk i Møre og Romsdal.

 

Søknadsfrist:
15. januar 2024 23:59
Målgruppe:
Organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren