Tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2024
- Målgruppe:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
- Ansvarlig:
- Marita Fjelle og Solveig Silset Berg
- Hvem kan søke:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Humler, bier og blomsterfluer er blant dei insekta som pollinerer, eller bestøvar, ville blomster og avlingar. Du kan søkje om tilskot til tiltak som forbetrar leveområda til desse insekta.
Tiltak som kan få tilskot er:
Tiltak som medverkar til etablering eller skjøtsel av areal med førekomst av mange raudlista arter, og tiltak for pollinatorar i trua naturtypar, vil bli prioritert. Tiltak kan samfinansierast med miljøtilskot i landbruket og andre typar tilskot. Kven kan søkje:Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar. SkattVi gjer oppmerksam på at tilskot som vederlag for eigen arbeidsinnsats er å anse som skattepliktig inntekt, jf. skattelova § 5-10. Dersom du søkjer som privatperson vil den delen av tilskotet som gjeld eigen arbeidsinnsats bli utbetalt som skattepliktig lønn. Dersom du søkjer som næringsdrivande må denne delen av tilskotet førast inn i næringsoppgåva. Tilskot til dekning av dokumenterte utgifter i tilknyting til arbeidet er skattefritt, jf. skattelova § 5-11. Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknadenSøknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden. Søknadsfrist:15. januar 2024
|