Klimasats 2023

Søknadsfrist:
1. mars 2023
Målgruppe:
Kommunar, fylkeskommunar, føretak organisert etter kommunelova kapittel 9
Ansvarlig:
Miljødirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommunar, føretak organisert etter kommunelova kapittel 9

Manglar din kommune pengar for å få på plass eit godt klimabudsjett, gode sirkulære løysingar, for å jobbe med arealnøytralitet eller andre tiltak for å redusere klimagassutsleppa? Da må dykk søke om pengar frå Klimasats innan 1. mars!

Publisert 13.02.2023

I 2023 er det satt av 100 millionar kronar til Klimasats-ordninga. Det er berre lagt opp til ein søknadsrunde i år. Det betyr at kommunen må søke innan 1. mars.

Kven kan søke?

  • Kommunar
  • Fylkeskommunar
  • Føretak organisert etter kommunelova kapittel 9

Fleire søkarar kan sende inn søknad saman.

Kva kan ein søke om?

Kommunen kan søke støtte til ei mengde ulike tiltak i ein rekke ulike sektorar og i ein rekke ulike roller. Det meste kan søkast om, så lenge det bidreg til reduserte klimagassutslepp, omstilling til lågutsleppssamfunnet eller begge deler. Det må gjerne vere nye og uprøvde klimatiltak, men det er også lov å la seg inspirere av tidlegare klimasatsprosjekt.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal oppfordrar i år spesielt kommunane til å søke om midlar til:

  • å få på plass eller forbetre klimabudsjettet
  • sirkulære løysingar
  • arealplanlegging som legg mindre beslag på areal og tar vare på karbonrike areal

Korleis søke?

Alt du treng å vite for å søke om midlar ligg på Miljødirektoratet si nettside om Klimasats.

 

Søknadsfrist:
1. mars 2023
Målgruppe:
Kommunar, fylkeskommunar, føretak organisert etter kommunelova kapittel 9
Ansvarlig:
Miljødirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommunar, føretak organisert etter kommunelova kapittel 9

Kontaktpersoner

Klimasats – støtte til klimatiltak

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Støtta skal vere utløysande for at tiltaka blir gjennomført, kommunen må bidra med eigeninnsats og søknadar må vere politisk forankra.