Tiltak i kulturlandskapsområde registrert som verdifulle kulturlandskap

Søknadsfrist:
15. januar 2023 23:59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Ansvarlig:
Miljøvernavdelinga

Tilskotsordning for å ivareta kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Publisert 15.12.2022

Områda som det kan søkast om tilskot til står på ei eiga liste over prioriterte område. Utvalde kulturlandskap i jordbruket har ei eiga tilskotsordning og er ikkje inkludert i lista.

 

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel eller restaurering med sikte på å gjenopprette eller oppretthalde naturverdiane
  • Nedkjemping av framande artar
  • Gjerding og tilpassa driftsform i jordbruket

 

I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak og informasjon.

 

Søknadar om tilskot til skjøtselstiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan, vi bli prioritert.

 

Kven kan søkje:

Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.

 

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

 

Gjenbruk av tidlegare innsendt søknad

Du kan bruke om att data frå tidlegare innsendt søknad. Du må framleis klikke deg gjennom søknadsvegvisaren, men dei fleste felta vil være fylt ut på førehand. Dine tidlegare innsendte søknadar finn du under menyvalet «Mine søknader». Du kan bruke om att søknaden ved å klikke på "Gjenbruk søknad".

 

Søknadsfrist:

15.januar 2023

Søknadsfrist:
15. januar 2023 23:59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Ansvarlig:
Miljøvernavdelinga