Statsforvaltaren møtte Fylkesberedskapsrådet

Tysdag 15. mars samla Statsforvaltaren Fylkesberedskapsrådet til møte i Molde. Tema for dagen var krigen i Ukraina.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.03.2022

Krigen i Ukraina og konsekvensar i Møre og Romsdal

Statsforvaltar Else-May Norderhus starta møtet med å ynskje velkomen til møtet og gav ei kort innleiing om konsekvensane krigen i Ukraina har for Noreg. Fylkesberedskapssjef Stine Sætre fortalde deretter om Statsforvaltaren sitt generelle ansvar innanfor samfunnstryggleik og rolla til Fylkesberedskapsrådet. Ho peika på at krigen i Ukraina i hovudsak involverer oss i tre spor;

  1. tryggingspolitisk krise/krig i Europa med risiko for angrep mot kritisk infrastruktur og samansette trugslar mot Noreg,
  2. fare for radioaktivt nedfall i Noreg som følgje av krigshandlingar mot atomkraftverk, og
  3. migrasjon og auka tilkomst av flyktningar til Noreg frå Ukraina, Russland og Kviterussland.

Registrering av asylsøkarar i Møre og Romsdal

Politiet og Forsvaret orienterte deretter om tiltak i eiga organisasjon. Politiet har mellom anna fått ansvar for å registrere asylsøkarar lokalt i fylket. Dei var òg opptatt av faren for stigmatisering av russarar, spesielt barn og unge, og at skular og barnehagar har eit spesielt ansvar i dette arbeidet. Dette samsvarar med uroa frå fleire medlemmar, og varetaking av sårbare grupper vart eit tema i løpet av møtet. Inkludert psykososial omsorg for flyktningar.

Ikkje endra trugsel mot Noreg

Forsvaret understreka at situasjonen i Ukraina ikkje har endra trugselen mot Noreg. Samtidig er det høg etterretningstrugsel mot Noreg, spesielt med øvinga «Cold Response 2022» som skjer i mars/april. Øvinga har vore planlagt lenge, uavhengig av krigen i Ukraina.

Atomberedskap

Fylkesberedskapssjefen informerte om trugselbiletet for atomhendingar og radiologiske hendingar i Ukraina, og om atomberedskapen i Noreg. Vidare gjekk ho gjennom dei siste nyhendene frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA). På grunn av avstanden til Ukraina er det svært lite sannsynleg at bruk av jodtablettar eller råd om å opphalde seg inne er aktuelle tiltak. Dersom det kjem eit stort utslepp, og vinden blåser mot Noreg, vil det i hovudsak føre til tiltak i norsk matproduksjon.

Digital tryggleik og oppdatering av planverk

Møtet fortsette med ein «runde rundt bordet». Alle medlemmane fekk høve til å skildre tiltak og informasjon frå eiga organisasjon. Organisasjonane har høg fokus på digital tryggleik. I dette arbeidet er råd og tilrådingar frå Nasjonal tryggingsmynde (NSM) viktig for å styrke IKT-tryggleiken. Organisasjonane går gjennom og oppdaterer eigne planverk, mellom anna planverk for atomhendingar, og mottak og varetaking av flyktningar.

Behov for samverkemøte

Slike samordningsmøte er viktig for å skape felles situasjonsforståing, og Statsforvaltaren planlegg jamlege møter med Fylkesberedskapsrådet.