Stor fare for flaum- og jordskred
Høg vassmeting i bakken og høg grunnvasstand gjer at det er fare for skred og flaum på utsette stader i store deler av fylket 31. oktober og 1. november.
Meteorologisk Institutt, MET, og Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, varslar oransje fare for flaum, og raud fare for jord- og flaumskred. Faren aukar natt til torsdag 31. oktober, og minkar utover fredag ettermiddag 1. november.
På fredag kjem det kaldare vêr. Prognosane seier det blir kraftig vind frå nordvest og mogleg snø.
Beredskapen er i arbeid i fylket
Beredskapsmyndigheitene er no budd på at bustader, bygg og infrastruktur, som togbanar og vegar, kan bli utsett for skred.
– Vi hadde eit samvirkemøte i dag for kommunane og fylkesberedskapsrådet. Her fekk vi oppdatert informasjon om varsel frå MET og NVE. Kommunane er no i gang med beredskapsarbeidet sitt. Dei er særleg merksame på område som ligg utsett til for flaum og skred. Vegvesenet vurderer kva for vegar som eventuelt skal bli stengd, og på skredutsette stader vil kommunane i samråd med politiet vurdere om det er behov for å evakuere busette, seier statsforvaltar Else-May Botten.
Hald deg oppdatert og hald vassvegar opne
Statsforvaltaren seier at alle i fylket bør førebu seg ved å følgje med på nyheiter og på varsom.no, der NVE og MET legg ut sine varsel, og på kommunen sine nettsider for lokal informasjon.
Ho løfter fram nokre særleg viktig råd.
– Om vi alle sørgjer for å halde vassvegar opne, for eksempel rør, kummar og sluk, så vil det vere bra. Lauv og kvist og anna som hindrar at vatnet renn der det skal kan tette vassvegane, demme opp vatn, og slik utløyse skadar på infrastruktur og eigendom, seier ho.
Statsforvaltaren oppmodar også alle til å ha eigenberedskapen sin i orden. Dette er særleg viktig dersom det skulle bli straumbrot eller om mobildekninga skulle falle ut.
– Også på flaumutsette stader der innbyggjarar kan bli isolerte av eventuelle ras, er eigenberedskap svært viktig.
Ho har også eit råd til dei som veit at dei står i fare for å få vatn i kjellaren.
– Då kan det vere lurt å gjere ein innsats for å få ting du er redd for opp frå golvet, seier Botten.
Om den kraftige vinden kjem, slik prognosane seier, på fredag, vil det også vere lurt å sikre lause gjenstandar rundt huset.
Unngå farlege område
Mens skredfaren er stor oppmodar NVE og Botten folk til å unngå bratte skråningar, og bekker og elver med stor vassføring.
– Det betyr jo også at vi bør unngå å køyre bil mange stader, seier statsforvaltaren.
Ho oppmodar alle til å gå inn på varsom.no for å bli oppdatert og for å få fleire råd.