Det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje
Sa fylkesmann Rigmor Brøste fredag 6. desember, under fagdagen for ordførarar og varaordførarar med tema samfunnstryggleik.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Noreg er eit av verdas tryggaste land å leve i. Vi har eit stabilt og demokratisk samfunn med lågt konfliktnivå. Vi opplev likevel alvorlege hendingar som vi må vere budd på å handtere lokalt, regionalt og nasjonalt.
Kommunar har eit særskilt ansvar for tryggleiken til sine innbyggjarar og dei som er på besøk i kommunen.
På fagdagen var det informert om samfunnstryggleik generelt og kommunane sitt ansvar spesielt. I tillegg var det satt av tid der nokre kommunar delte sine erfaringar frå si handtering av uønskte hendingar.
Det å dele erfaringar og lære av kvarandre er svært viktig, som Aristoteles (384–322 f.Kr.) sa: "det er sannsynlig at noko usannsynlig vil skje" sa fylkesmann Rigmor Brøste under ordførarsamlinga fredag. Brøste ønsker å arrangere ein ny ordførardag med fokus på samfunnstryggleik og beredskap om to år.
Kontaktpersoner
-
Stine Sætre
Tlf: 71 25 84 85 / 95 22 44 19