Matrikkellova

Matrikkellova skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar ved at det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, og at grenser og eigedomsforhold blir klarlagde.

Kommunene har ansvar for tildeling av adresser, føring av matrikkel og oppmålingsforretning. Der ikkje anna er bestem er det Statsforvaltaren som er klageinstans for kommunale vedtak etter matrikkellova.

Enkeltvedtak etter matrikkellova kan klagast på etter reglene i forvaltningslova. I tillegg er det etter matrikkellova § 46 klagerett på ei rekkje nærare spesifiserte vedtakstypar.  

I matrikkelforskrifta er det fastsett utfyllande føresegner til lova. 

Kontaktpersoner