Statistikk 2020

Statsforvaltaren har utarbeidd statistikk over klagesakene som blei handsama i 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.02.2021

Byggesaker

I 2020 har vi handsama 160 klager på byggesaker. Vi gav medhald i 52 av klagene, noko som svarar til om lag 32 %. Med «medhald» meiner vi at klaga er tatt til følgje slik at vedtaket enten er omgjort eller oppheva. I 68 % av sakene har vi stadfesta kommunens vedtak.

Vi handsama 72 av 160 saker innan 12-vekersfristen. Dette svarer til 45 % av sakene. Dermed var det 88 saker som gjekk over tida, med gjennomsnittleg fristoverskriding på 26 dagar.

Reguleringssaker

Totalt har vi handsama 20 klager på reguleringsplanar i 2020. Vi gav medhald i 2 av klagene. Den gjennomsnittlege handsamingstida vår var 85 dagar. Vi handsama 13 av sakene innanfor 12 veker, noko som svarer til om lag 65 %. Gjennomsnittleg fristoverskriding er på 42 dagar.