Skarbøvika områdeplan i Ålesund kommune er endeleg godkjent

Kart over området.
Skisse utarbeidd av Sporstøl arkitekter A/S. Viser planlagt plassering av næringsareal, bustader, bydelshus og naust på Notholmen, som er del av planområdet Foto: Sporstøl arkitekter AS.

Statsforvaltaren har stadfesta planvedtaket for nytt bydelssenter i Skarbøvika.

Publisert 05.06.2024

Bydelssenter

Sporstøl Arkitekter har på vegner av Coop Nordvest AS utarbeidd forslaget til områdeplan i tett samarbeid med Ålesund kommune. Formålet med områdereguleringa er å legge til rette for den vidare utviklinga av bydelssenteret. Planen endrar det som tidlegare var store og meir einsarta areal for industri på Notholmen, til meir varierte og kombinerte formål. Her inngår bustader, variert næringsareal / forretningar, kontor og servicefunksjonar. Coop Nordvest planlegg å byggje ein daglegvarebutikk i første byggesteg.

Klage frå næringsaktørar

Eigar av tilstøytane næringsområde har klaga på planane som dei meiner set til side eit viktig sjønært næringsareal i kommunen og som verkar konkurransevridande til fordel for ein aktør. Det er også peikt på fleire sakshandsamingsfeil. Desse har vore del av Statsforvaltaren si klagebehandling.

– Vi finn likevel etter ein heilskapleg gjennomgang av saka at planen kan stadfestast, seier seniorrådgjevar Therese Småland.

Påpeikt manglar

Den nye vedtekne områdeplanen strir imot overordna kommunedelplan for området, der det planlagde bydelssenteret var tenkt plassert sør for Notholmen, og på begge sider av Skarbøvikveien.  

– I vår klagebehandling har vi mellom anna konkludert med at det skulle vore gjennomført ei konsekvensutgreiing av området på Notholmen, i samsvar med reglane i plan- og bygningslova, og at dette er ein sakshandsamingsfeil. Feilen har likevel ikkje hatt innverknad på vedtaket sitt innhald, slik at vedtaket av den grunn vert ståande, forklarer Småland.

I klagesakshandsaminga har Statsforvaltaren også gått grundig gjennom den vedtekne arealbruken, sakshandsaminga i kommunen og påstandane om konkurransevridande føresegner. I denne saka finn ikkje Statsforvaltaren at det er grunn til å oppheve vedtaket.

– Ålesund kommune har handsama saka i samsvar med dei rettslege minstekrava til ein planprosess. Sjølv om vi har påpeikt nokre manglar i vedtaket, kan områdeplanen stadfestast, avsluttar Småland.

Dokumenter