Reguleringsplanen for Prestsetra hyttefelt i Skorgedalen er godkjent

Foto: Nordconsult

Ved andre gongs behandling har Statsforvaltaren stadfesta Rauma kommune si godkjenning av nytt hyttefelt i Skorgedalen.

Publisert 28.11.2024

Reguleringsplanen legg til rette for 42 nye hyttetomter i feltet Prestsetra. Prestsetra-feltet skal bruke ein bilveg gjennom eit eksisterande hytteområde som tilkomst. Bilvegen blir i dag brukt som skiløype om vinteren, men er no meint å vere heilårsveg fram til det nye hyttefeltet.  

Klage på vinterbrøyta veg

Statsforvaltaren konkluderte i vårt tidlegare vedtak i 2023 med at saka ikkje var tilstrekkeleg opplyst når det gjaldt kva konsekvensar vinterbrøyting av vegen kan gje. Det same gjaldt planen si innverknad på det eksisterande hytteområdet.

Klagene som kom inn på det nye planvedtaket er ganske likelydande som ved forrige handsaming av saka. Til forskjell frå sist, har kommunen no regulert inn eit gjennomgåande areal på to meters breidd i overkant av køyrevegen, som kan nyttast til skiløypetrasé.

- Konsekvensane planforslaget fører med seg er no grundig gjort greie for, slår seniorrådgjevar Therese Småland hjå Statsforvaltaren fast.

Avveging av ulike interesser

Rauma kommune viser til at den nye skiløypa som er regulert vert av lågare standard enn dagens situasjon. Samtidig var det avgjerande for kommunen at reguleringsplanen no sikrar både eldre og nye hytter heilårsveg, at utrykkingskøyretøy kjem fram på vinterstid, og at eit eige areal blir avsett til skiløypetrasé. Røde Kors kan då også drive varelevering med snøscooter i området som før.

- Kommunen har sett og vurdert dei ulike interessene som gjer seg gjeldande. Vi finn at den nye reguleringsplanen er i samsvar med lovverket og difor kan stadfestast, avsluttar Småland.