Plannettverk for kommunane i Møre og Romsdal
Saman med fylkeskommunen arrangerte Statsforvaltaren plannettverk for kommunane i fylket den 5. og 6. april.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 08.04.2022
Tysdag 5. april møtte plannettverket for Sunnmøre på Scandic Parken hotell i Ålesund, medan plannettverket for Nordmøre og Romsdal møtte på Tingvoll Økopark onsdag 6. april.
Tema for samlinga var mellom anna:
- Planutfordringar i Ålesund og Tingvoll kommunar
- Arealplanlegging vs. dispensasjon
- Ny dispensasjonsrettleiar
- Tettstadsutvikling
- Idédugnad for miljø, klima og energi
- Aktuelt frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen
Det var svært kjekt å møtast igjen fysisk for første gong på nesten to år.