Nytt steg på veg mot felles avløpsanlegg

Illustrasjon: Asplan Viak

Statsforvaltaren har godkjent reguleringsplan for Borgundfjordvegen 22 - Åse avløpsanlegg i Ålesund kommune. Ein pumpestasjon her vil med tida overføre avlaupsvatn til det nye reinseanlegget for Ålesund og Sula kommunar på Kongshaugstranda.

Publisert 29.10.2024

Det er Asplan Viak som på oppdrag frå Ålesund kommune har utarbeidd reguleringsplanen. Denne opnar for ein ny pumpestasjon inne på eit friområde aust for dagens reinseanlegg på Åse.

Dagens reinseanlegg skal med tida avviklast, men må være operativt fram til det nye reinseanlegget på Kongshaugstranda er sett i drift.

I samband med ny regulering av området er det også gjort endringar rundt den populære Borgundfjordstien, på nedsida av dagens anlegg. Dette blir gjort for å kompensere for friarealet som går tapt når den nye pumpestasjonen blir bygd.

Klaga på plassering

Eigarane av naustrekka som ligg aust for pumpestasjonen klaga på planvedtaket. Dei meiner plasseringa av anlegget fører til mindre sol og forringa bruksverdi for nausta.

- Kommunen har gjort greie for dei ulike alternative plasseringane pumpestasjonen kan ha. Dei har kome til at vedtatt plassering er det alternativet som i størst grad dekkjer behova som pumpestasjonen har. Kommunen konkluderer med at det samfunnsmessig sett er fleire fordelar enn ulemper med planforslaget. Dette er forhold som vi legg stor vekt på i vår sakshandsaming, forklarer seniorrådgjevar Therese Småland hjå Statsforvaltaren.

Stor samfunnsinteresse

Planforslaget legg til rette for eit tiltak med stor samfunnsinteresse. Den nye pumpestasjonen vil bidra til at ein på sikt kan oppfylle nye krav til avlaupsreinsing. Sidan Ålesund kommune per no ikkje tilfredsstiller krava til sekundærreinsing, vil ein manglande utbetring kunne føre til framtidig byggestopp og bøter til kommunen.

- Statsforvaltaren er einig med kommunen i at samfunnsinteressene for å gjennomføre planen er store og må vege tyngre enn dei ulempene nausteigarane og grunneigaren vert utsett for. I tillegg til å innfri krav om lovleg reinsing, vil pumpestasjonen bidra til eit reinare fjordsystem. Då kan innbyggjarane nyte friluftsliv i og ved fjorden. Torskebestanden i Borgundfjorden får også betra leveforhold. Planvedtaket er difor stadfesta, avsluttar Småland.