Innsynsguide frå Sivilombodet
Sivilombodet har laga ein rettleiar basert på deira handsaming av innsynssaker.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Auke i tal innsynssaker
Sivilombudet skriv i forordet til rettleiaren at dei mottek og handsamar fleire og fleire sakar som gjeld innsyn. Vi har for våre område også merka oss ei auke i klagesaker om avslag på innsyn og førespurnader som gjeld manglande svar på innsynskrav i kommunane.
Innsynskrav gjeld alle fagområde i kommunen. Det betyr at alle avdelingar og tilsette må ha kjennskap til offentleglova for å handsame innsynskrav og klage på innsyn på rett måte. Kommunane må jobbe for ei einsarta handsaming. Sivilombudet sin innsynsguide kan derfor vere til god hjelp for kommunen for å oppnå ei god praksis.
Innsynskrav skal prioriterast
Prinsippet om offentlegheit er viktig for forvaltninga i Noreg. Opne og tilgjengelege dokument skapar tillit og legg grunnlaget for ei aktiv deltaking i demokratiet vårt. Innsyn bidreg til at forvaltningssaker blir godt nok opplyste og gir moglegheit til å avdekke kritikkverdige tilhøve. Eit omfattande hemmeleghald kan føre til grunnlaus mistanke om tilhøva.
Innsynsguiden finn de her.