Fylkesmannen stadfestar områdereguleringsplan for Ørsta sentrum
Fylkesmannen har den 28.11.19 stadfesta Ørsta kommune sitt vedtak om områdereguleringsplan for Ørsta sentrum med tilhøyrande føresegner. Ingen av klagene vart teke til følgje.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ørsta kommunestyre godkjente i juni 2019 områdereguleringsplan for Ørsta sentrum. Kommunen sitt vedtak vart påklaga av fleire grunneigarar innanfor reguleringsområdet. Sentralt for fleire av klagene var problemstillingar knytt til framtidig gjennomføring av dei føremål som er fastsett i planen. Ein reguleringsplan vil kunne gi grunnlag for oreigning når planen på eit seinare tidspunkt skal gjennomførast, og det må difor i samband med reguleringsplanen vurderast om den arealbruken som planen opnar for vil vere tvillaust meir til gagn enn til skade for den grunneigar som må avstå heile eller delar av sin eigedom.
Ved klagebehandlinga av saka har Fylkesmannen vurdert det slik at kommunen har lagt vekt på saklege og relevante omsyn i sine vurderingar og gjort dei naudsynte interesseavvegingar som regelverket legg opp til. Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for å fråvike kommunen sine vurderingar for nokon av klagene.