Fylkesmannen opphevar reguleringsplan for Motorsportbane i Vatnedalen.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal opphevar Haram Kommune sitt vedtak om å eigengodkjenne detaljregulering for Massetak/Parkering/Motorsportbane i Vatnedalen med tilhøyrande reguleringsføresegner og planomtale.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I januar 2019 godkjente Haram kommune detaljreguleringa. Det kom inn 6 skriftelge klagar på vedtaket frå naboar og andre med interesser i området, deriblant Sunnmøre Travlag. Haram kommune tok ikkje klagane til følgje og sendte saka over til Fylkesmannen som klageinstans.
Fylkesmannen har behandla saka etter plan- og bygningsloven og finn at kommunens grunngjeving for valt plassering av motorsportbane ikkje er tilstrekkleg utgreid i tråd med den generelle utgreiningsplikta i forvaltningslova § 17. På bakgrunn av arealbrukskonflikta mellom bruken av den eksisterande travbana og bruken av motorsportbana er Fylkesmannen si vurdering at kommunen sjølv burde ha utgreidd alterantive plasseringar for motorsportbana som ein del av saksførebuinga.
Fylkesmannen ber derfor kommuen gjere ein ny vurdering av saka der også alternative plasseringar for motorsportbane er utgreidd.
Kontaktpersoner
-
Helge Mogstad
Tlf: 71 25 84 44 / 92 64 22 80