Avslag for glassigloen Trones Eye i Verdal kommune

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal endrar Verdal kommune sitt vedtak om å gje dispensasjon til glassigloen på Trones, til avslag.
– Vår vurdering er at igloens plassering og bruk vil leggje eit tydeleg og uheldig privatiserande beslag på eit viktig frilufts- og naturområde som skal vere tilgjengeleg for allmennta, seier rådgivar Martine Lange Sætre hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har behandla klagesaka frå Verdal kommune som settestatsforvaltar, etter at Statsforvaltaren i Trøndelag klaga på kommunen sitt vedtak.
Saka gjaldt plassering av ein glassiglo til utleige for overnattingsgjestar på Trones. Igloen blei fyrste gong godkjent som eit midlertidig tiltak i 2019. Den midlertidige godkjenninga har gått ut, og den nye søknaden innebar ei varig plassering.
Særleg viktig friluftsområde
Kommunen gav dispensasjon frå arealformålet i kommuneplanens arealdel og byggeforbodet i strandsona i juni 2023. Vedtaket blei klaga på av både Statsforvaltaren i Trøndelag og Naturvernforbundet i Trøndelag.
Begge klagarane skriv at området på Trones er eit særleg viktig friluftsområde.
Privatiserande effekt
– Vi er einige med kommunen i at igloen ikkje utgjer store fysiske inngrep i naturen. Men plasseringa og bruken har ein uheldig privatiserande effekt i eit område som er godt eigna for opphald og rekreasjon for allmenta, seier Lange Sætre.
Igloen er utforma slik at det et eit betydeleg inn- og utsyn, som bidrar til å forsterke den private sfæren rundt igloen. Det er også tilrettelagt for grilling og anna opphaldsareal på berga nedanfor.
– På den måten kan det oppstå interessekonfliktar der betalande gjestar ikkje får det privatlivet dei forventar, mens allmenta kan oppleve det som ubehageleg å bevege og opphalde seg i nærleiken av igloen når det er betalande gjestar til stades, seier Lange Sætre.
Endrar kommunens vedtak til avslag
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har derfor kome til at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er oppfylt. Dei konkluderer med at å leggje til rette for næringsverksemd på ein slik stad bør bli avklara gjennom ein planprosess.
– Viktigheita av å leggje til rette for og ivareta allment friluftsliv er grunnleggande både i arealformålet i kommuneplanen og byggeforbodet i strandsona. Vi kan difor ikkje kome til noko anna resultat i denne saka, seier Lange Sætre.