Nyheitsbrev om plan november 2020
Fylkesmannen og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for november.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesplanen er vedteken
Fylkesplanen 2021-2024 vart vedteken i oktober. Planen byggjer på dei fire langsiktige måla i Regional planstrategi (RPS), oglegg FN sine 17 berekraftmål til grunn. Den har ambisiøse mål for Møre og Romsdal, som ein berre kan nå i fellesskap. Fylkesplanen er ein regional plan etter PBL, og skal såleis leggast til grunn for regionale statsetatar og kommunar si verksemd. Du kan lese planen her.
Arbeidet med fylkesstrategiane er i gang
På mange område vil fylkesplanen bli utdjupa og konkretisert gjennom tilhøyrande fylkesstrategiar. Her vil det bli utarbeidd meir konkrete resultatmål for å følgje opp fylkesplanen. Det blir lagt opp til medverknad frå kommunane og andre relevante aktørar. Arbeidet med Fylkesstrategi for forsking og innovasjon og Fylkesstrategi for samferdsel er starta opp. Kontaktpersonar i fylkeskommunen er Øyvind Herse (FoI) og Janne Lønsethagen (samferdsel).
Fylkesstatistikken
Fylkesstatistikken for 2020 er lagt fram. Statistikken er presentert både med omtale, analysar og grafiske framstillingar av sentrale utviklingstrekk i Møre og Romsdal. Den er tenkt som eit bidrag til å identifisere utfordringar i fylket og gi eit kunnskapsgrunnlag, og vere eit innspel for bruk i samfunnsdebatten. Sjå fylkeskommunen si nettside.
Plannettverkssamling på teams
Vi måtte avlyse plannettverkssamlingane i vår. I staden for fysiske samlingar i haust tilbyr vi ei digital plannettverkssamling 30.11 klokka 09.00-14.30. Hovudtemaet denne gongen er sosial berekraft. Påmelding til samlinga skjer via Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine nettsider. Her finn du også programmet. Hugs å melde deg på innan 22.11!
Drømmeplan
Prosjektet «Drømmeplan» er eit ledd i å effektivisere plan- og byggesaksprosessen ved å gjere planane enklare for innbyggarane å lese og forstå. Hypotesen er at innbyggarane vil bli meir sjølvbetente, og at behovet for rådgiving rundt plan vil bli redusert. Dette skal no prøvast ut i eit utval kommunar. Her er lenke til eit opptak av eit webinar med informasjon av prosjektet.
Rammeplan for avkøyrsler og differensierte byggegrenser langs fylkesveg
Møre og Romsdal fylkeskommune har i fylkestinget den 15.06.2020 vedtatt rammeplan for avkøyrsler og differensierte byggegrenser langs fylkesveg med verknad frå 01.09.2020. Alle dokumenta i saka og protokoll frå møtet er lagt ut på denne nettsida, sjå sak T-51/20. Lenke til kart med informasjon om rammeplanen: https://arcg.is/iuf010. Dette kartet er også vist under «Samferdsel» på karttenesta GisLink. Vi ber kommunane om å legge rammeplanen til grunn ved rullering av kommuneplanen, og vise til den i planføresegnene.
Fylkeskommunen samlar økonomi, plan og berekraft i felles stabseining
For å lykkast med å følgje opp berekraftsmåla lokalt og regionalt, må dette integrerast i interne prosessar; i leiing, planlegging, styring og utvikling. Eit grep som fylkeskommunen no tek, er å samle ansvaret for plan-, økonomi- og berekraftsarbeidet i ei ny eining – Stab for strategi og styring. Gunn Randi Seime er i tillegg til rolla som assisterande fylkeskommunedirektør, også leiar for den nye stabseininga. Leiar for seksjon for berekraft er Ole Helge Haugen, leiar for økonomiseksjonen er Geir Fjørtoft og leiar for planseksjonen er Ingunn Bekken Sjåholm.
Ny kommunefordeling fylkeskommunen
Fylkeskommunen har endra ansvarsområdet for nokre av saksbehandlarane. Kommunefordelinga finn du her.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet med nye rettleiarar
Planavdelinga i KMD har publisert fire rettleiarar så langt i 2020. I tillegg er lovkommentaren til plandelen blitt oppdatert.
- Planlegging i sjøområdene
- Planlegging for LNFR-områder
- Veileder om konsekvensutredning
- Barn og unge i plan og byggesaker
- Lovkommentar til plandelen
Fylkesmannen blir Statsforvaltaren frå 01.01.2021
Frå 1. januar 2021 får fylkesmannen den nye, kjønnsnøytrale tittelen statsforvaltaren
Leve heile livet med kopling til kommunal planlegging
Utgangspunktet for kvalitetsreforma for eldre Leve heile livet er å skape eit meir aldersvennleg samfunn, der eldre lever gode liv og deltar i fellesskapet. Satsinga vil naturleg kunne koplast til kommunane sitt pågåande arbeid med kommunale planstrategiar og rullering av kommuneplanens samfunnsdel. Meir om kvalitetsreforma på nettsida til Helsedirektoratet.
Kommunar med storulykkeverksemd
God arealplanlegging i område rundt verksemder som lagrar og handterer store mengder farlege kjemikaliar omfatta av storulukkesverksemda, er eit viktig førebyggjande tiltak. Dette skal varetakast i hovudsak gjennom kommunen sitt arbeid med plan- og bygningslova. For meir informasjon om dette, sjå DSB sin rettleiar Veileder om sikkerheten rundt storulykkevirksomheter.
Kvalitetskrav til risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar)
Føremålet med ROS-analysen er å gje kommunen eit godt avgjerdsgrunnlag for å vareta samfunnstryggleik i arealplanlegginga. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap tilrår at kommunen stiller kvalitetskrav til ROS-analysen. Eit gjennomgåande krav er at alle kjelder, føresetnadar og resonnement bak konklusjonane skal vere dokumenterte og kunne etterprøvast. Kap. 3.2 i rettleiaren Samfunnstryggleik i kommunen si arealplanlegging omtalar krav kommunane bør stille til ROS-analysen.
Implementering av FNs berekraftsmål i regional og kommunal planlegging
Nordlandsforskning har på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet undersøkt korleis berekraftsmåla kan takast i bruk i kommunal og regional planlegging
Kartlegging av praksis rundt bruk av arealrekneskap i kommuneplan
På oppdrag for KMD har Rambøll kartlagt praksis rundt bruk av arealrekneskap
i kommuneplan i kommunar i fire fylke.
Plansamordning hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal - nytt kommunefordelingskart
Oppdatert kommunekart for fordeling av plansaker hos Fylkesmannen med aktuelle hovudsaksbehandlarar/kommunekontakter f.o.m. 01.08.2020.
Arealprofilar for alle kommunane i landet
Statistisk sentralbyrå har, på oppdrag av Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeidd arealprofilar for alle kommunane i landet. Desse er meint å vere eit verktøy i den overordna planlegginga i kommunane. Dei er utarbeidde etter same leist som Folkehelseinstituttet sine folkehelseprofilar og inneheld informasjon av arealbruken i alle kommunar ut frå 24 ulike indikatorar.
Nyheitsbrev om folkehelsearbeid
Helsedirektoratet med ny utgåve av Nyheitsbrev om folkehelsearbeid
Universell utforming i planlegging
Ny oppdatert informasjon om universell utforming er lagt ut på KMD sine heimesider.
Klimabudsjett – eit nyttig verktøy for kommunane
Klimabudsjett kan hjelpe kommunane å nå sine klimamål. Miljødirektoratet har samla råd, tips og eksempel til inspirasjon for kommunane.
Klimasnusamling 17. november
Saknar du ei oppskrift for korleis lykkast med kommunalt klimaarbeid? Eller kunne du tenke deg å få eksempel på kva for klimatiltak som er utført i nabokommunane dine? Fylkesmannen inviterer til KLIMASNU-samling for kommunane i Møre og Romsdal 17.11. Påmeldingsfrist 8.november.
Fylkesmannen med utdeling av Klimasnu-prisen for 2020
Har din kommune utmerka seg med sitt arbeid innan klimavennleg omstilling? Eller kjenner du til nokon andre i kommunen din som har utmerka seg? Nominer til Klimasnuprisen her! Frist 1. desember.
Kommunedialogmøte i regi av Fylkesmannen
Fylkesmannen gjennomfører i haust digitale kommunedialogmøte med kommunane i fylket. Søkelyset er her mellom anna retta mot strategisk og overordna kommunalt plan- og utviklingsarbeid med referanse til arbeidet med kommunale planstrategiar og rullering av kommuneplanens samfunnsdel.
Prosjektskjønn – fylkessatsing
Fylkesmannen har delt ut skjønnsmidlar for 2021. Dette omfattar m.a. tilskot til satsingar for berekraft og helse.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal med strategiplan for planperioden 2020 – 2023
Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal i perioden 2020 - 2023, arbeide aktivt for å ha ei høg måloppnåing innan alle embetsoppdrag, og samstundes prioritere følgjande tverrfaglege satsingsområde:
- Klimaomstilling gjennom KLIMASNU
- Samfunnstryggleik og beredskap
Meir informasjon om strategiplanen på Fylkesmannen sine heimesider.
Innhaldet på Miljøkommune.no til Miljødirektoratet.no
Innhaldet på nettstaden Miljøkommune.no er no flytta over til Miljødirektoratet. Meir informasjon på https://www.miljodirektoratet.no/
Temakart – kommunedata
Fylkesmannen har utarbeidd fylkeskartoversikt med lenker til relevant statistikk over kommunedata frå ulike offentlege etatar. Ny oppdatert kommuneinformasjon på FMMR sine heimesider.
Kartverket med kvalitetssikring av arealplankart – planar til offentleg ettersyn
I samarbeid med Kartverket tilbyr Fylkesmannen og fylkeskommunen kvalitetskontroll av arealplankart i samband med offentleg ettersyn. Denne kvalitetskontrollen skal bidra til ei raskare og meir effektiv sakshandsaming hos fylkeskommunen og Fylkesmannen og til å hindre sakshandsamingsfeil. Ved å følge denne rutinen vil planane bli tilgjengelege gjennom gislink.no i høyringsperioden uavhengig av om kommunen brukar geosynkronisering eller ikkje. For å sikre god kvalitet på private planforslag tilrår vi at ein allereie under oppstartsmøtet brukar Sjekkliste for framstilling av digital reguleringsplan som er å finne på Kartverket sine nettsider.
Rundskriv om tilskotsordningar
På regjeringa sine nettsider er det samla tilskotsordningar som har med naturforvaltning, friluftsliv, forureining, kulturmiljø, klima osv. å gjere.