Støy

Støy kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg i byar og tettstader og nær sterkt trafikkerte vegar. Ny retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442/2012) vart fastsett av Miljøverndepartementet 26.01.05.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.12.2012

Føremålet med retningslina er å førebygge støyplager og ta vare på stille og lite støypåverka natur- og friluftsområde.

Kartfesting av støysoner er mellom dei viktigaste punkta i retningslina. På plankartet bør det visast raude og gule soner rundt alle viktige støykjelder.

Kommunen bør også synleggjere grøne soner (stille område) slik at desse betre kan takast vare på gjennom arealplanlegginga. Fråvær av støy er ein føresetnad for at frilufts- og rekreasjonsområde skal ha fullgod verdi.