Verjemål - podkast
Om du ikkje kan ta hand om eigne interesser, kan du få hjelp av ei verje. Årsakene til at du treng verjemål kan vere mange og ulike, for eksempel skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting. Høyr podkast om verjemål!
Frivilligheit står sentralt i verjemålsordninga. Det som før var overformynderi, er blitt ei ordning med meir sjølvråderett. Ei føresetnad for å opprette verjemål er at du gjev ditt samtykke.
Når Statsforvaltaren mottek ein søknad om verjemål, tek vi ein samtale med deg. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å få gitt sitt samtykke, og andre gonger er det ikkje mogeleg å få til samtale. I dei tilfella vert di vilje og ønske vurdert ut frå kva du tidlegare har sagt og gjort.
Les også vår kronikk om temaet:
Frå overformynderi til å bestemme sjølv: Verjemål er eit frivillig støttetiltak tilpassa vår tid | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Om podkasten
Vi snakkar om verjemål i denne utgåva av podkasten «For folk og natur».
Med i podkasten er statsforvaltar Else-May Botten og underdirektør Kjersti Bakken.
Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden, og Lena Skattum Sandvik er produsent og programleiar.
Denne episoden vart publisert 18. desember 2024
For folk og natur
Les meir om podkasten «For folk og natur» her …
Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.
Kontaktpersoner
-
Else-May Botten
Tlf: 71 25 84 12 -
Kjersti Bakken
Tlf: 71 25 85 30
Lytt til podkasten
Aktuelle tema i podkasten
Ute no:
- Barnets beste
- Ta våtmarka tilbake!
- Den fantastiske skogen
- Sei ifrå om du ikkje har det bra på skolen!
- Demens - ei stille krise i samfunnet
- Tredrivaren - meir tre i bygg
- Klimatilpassing - Nytt klima gir nye utfordringar
- Hagerømlingar - hjelp til med å fjerne desse plantene
- Jordvern - for å kunne dyrke sin eigen mat
- Leve heile livet i Møre og Romsdal
- Vårt møte med krigen i Ukraina
- Klimasnu – ei nødvendig omstilling
- Ny statsforvaltar og kommunane