Elvekantar - podkast

Vi ser en elvekantsone og et elveleie med mye stein i bunnen. Flotte grønne farger på kantvegetasjonen, trær og busker.
Visste du at elvekantsona kan samanliknast med ein tropisk regnskog? Høyr podkasten! Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal /Lars Kringstad.

Langs alle vassdrag vil det naturleg vekse eit belte av kantvegetasjon. Denne kantsona er viktig for livet både langs og i elva. Den reduserer også erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdraget. Høyr podkast om elvekantsona! 

Publisert 12.03.2025

Elvekantane spelar ei sentral rolle i naturen. Her finn vi insekt, dyr, fuglar og plantar i stort mangfald.

 

Kantvegetasjonen fungerer som grønkorridor for rekreasjon, og gir deg flotte opplevingar på turen langs elva eller bekken.

Det er derfor fleire lovverk som vernar om kantsonene. Vi har ikkje lov til å fjerne tre og buskar eller grave i elvekantane.

Om nokon ønskjer å fjerne vegetasjonen langs ei elv eller ein bekk må dei ta kontakt med Statsforvaltaren først. 

Les også vår kronikk om temaet: 
Elvekantane gir liv og skydd | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Om podkasten

Vi snakkar om elvekantar i denne utgåva av podkasten «For folk og natur».

Med i podkasten er statsforvaltar Else-May Botten og rådgivar Mathias Høgseth Strømmen

Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden, og Lena Skattum Sandvik er produsent og programleiar.   

Denne episoden vart publisert 12. mars 2025

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.