Tilskot til rettleiing av studentar og tilsette

Helsedirektoratet har lyst ut eit nytt tilskot for rettleiing av studentar og tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. 

 

Publisert 23.09.2024

God rettleiing er avgjerande for å ta i mot praksisstudentar, nyutdanna og nytilsette på ein måte som gjer at dei utviklar seg fagleg og trivst.

Formålet med ordninga er å utvikle gode modellar for å bidra til å sikre kvaliteten av rettleiarar til praksisstudentar, nyutdanna og nytilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Meir informasjon og utlysing finn du på heimesida til Helsedirektoratet