Utviklinga i kommuneøkonomien 2023

Forsidebilde - "Utviklinga i kommuneøkonomien 2023"
Foto: Maria Laingen.

Rapporten Utviklinga i kommuneøkonomien 2023 viser hovudtrekka i kommuneøkonomien i fylket. Den beskriv nokon av utfordringane som kommunane står i, orienterer om sentrale reglar, minner om viktige oppgåver og viser sentrale økonomiske tal i utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra.

Publisert 05.07.2024

Kommuneøkonomien i 2023

KOSTRA-tala for Møre og Romsdal viser ei betydeleg forverring i kommunane si økonomiske stilling, og er dei svakaste vi ser så langt tilbake som statistikken går (2015). Også nasjonalt er resultata svakare enn føregåande år. Samla sett er likevel kommuneøkonomien i Norge framleis god, sjølv om spennet er stort og aukande mellom kommunane både når det gjeld føresetnader og økonomisk resultat. I vårt fylke er lånegjelda høgare, disposisjonsfonda mindre og netto driftsresultat lågare enn landssnittet. Dette gjer at kommunane vert meir sårbare for hendingar som auka lånerente og prisvekst. Samtidig står vi føre store utfordringar knytt til mellom anna demografi, klimaendringar, mangel på kompetanse og arbeidskraft som vil krevje tydelege prioriteringar dei komande åra.

Fjorten av kommunane i Møre og Romsdal hadde negativt netto driftsresultat i 2023. Ytterlegare seks hadde netto driftsresultat på mellom 0–1,75 prosent. Pr. 30.6.24 er ein kommune i Møre og Romsdal på ROBEK.

I 2023 hadde kommunesektoren (landet utan Oslo) eit disposisjonsfond på 14 prosent av driftsinntektene, ein reduksjon frå førre år. I Møre og Romsdal er tilsvarande tal vel 9 prosent, men med eit spenn frå 0 til 154 prosent. Gjeldsnivået i Møre og Romsdal har gått svakt ned frå førre år til 111 prosent av brutto driftsinntekter (landet utan Oslo: 93 prosent). Når ein ser netto driftsresultat, disposisjonsfond og gjeldsgrad saman, ser vi at fleirtalet av kommunane i fylket må ta grep for å sikre ei berekraftig økonomiforvalting på lang sikt.