Tilskot til ulike naturforvaltningstiltak 2024
Frist for å søkje om statlege tilskot til naturforvaltningstiltak er 15. januar 2024 for dei fleste av tilskotsordningane. Søknad sendast inn via Miljødirektoratets søknadssenter.
Ordningane som Statsforvaltaren tildeler tilskot på omfattar tiltak for:
- trua naturtypar
- trua artar
- verdifulle kulturlandskap
- ville pollinerande insekt
- vilttiltak
- fisketiltak
På Miljødirektoratets søknadssenter ligg oversikt over tilskotsordningane med informasjon om kva typar tiltak dei omfattar og målgruppene for ordningane. Her kan du registrere deg som søkar og finne informasjon om søknadsprosedyren. Rapportering av tiltak det er gitt tilskot til skal også skje gjennom søknadssenteret.
For å sjå kven hos oss som er ansvarleg for dei enkelte tilskotsordningane sjå tilskotskalenderen vår som ligg her: Tilskot | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no).
Kontaktpersoner
-
Marita Fjelle
Tlf: 71 25 84 61 -
Edvard Emblem Lund
Tlf: 71 25 84 27 -
Solveig Silset Berg
Tlf: 71 25 85 17 -
Geir Moen
Tlf: 71 25 84 71 / 97 19 98 29