Vedtak om utsleppsløyve -Remetunnelane Fv659 i Ålesund kommune
Statsforvaltaren gjev Møre og Romsdal fylkeskommune mellombels utsleppsløyve for prosessvatn ved rehabilitering av Remetunnelane Fv659 og permanent utsleppsløyve for tunnelvatn frå Remetunnelane Fv659.
Publisert 13.02.2023
Anleggsperioden for rehabiliteringa er frå 01.02.2023 til 31.12.2025. Det permanente utsleppsløyvet gjeld frå 31.12.2025.
Vedtak og løyve kan lesast via lenkjene til høgre på denne sida.
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan tre veker. Ei eventuell klage skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde.