Vedtak om mellombels utsleppsløyve for prosessvatn i tilknyting til bygging av Kongshaugen reinseanlegg i Sula
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vedtek å gjeve Sula kommune mellombels utsleppsløyve etter forureiningslova til utslepp av prosessvatn ved berguttak i tilknyting til bygging av Kongshaugen reinseanlegg på Sula, gnr. 58 bnr. 1.
Publisert 02.05.2024
Vatnet frå anleggsdrifta skal samlast og gå til reinseanlegg. Reinsa vatn er planlagd å slippast ut til Vågane på om lag 25 meters djupne.
Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Merknadar eller klage på vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker etter vedtaket.