Vedtak om løyve til utslepp ved tiltak i sjø ved Skare 52 i Sande kommune
Statsforvaltaren vedtek løyve etter forureiningslova til utslepp ved tiltak i sjø ved Skare 52 i Sande kommune.
Publisert 29.06.2023
Tiltaket omfattar ei utviding av eksisterande hamn. Totalt skal det fyllast ut med om lag 5 700 m3 massar over eit areal på 2 000 m2 og sprengast vekk 3 200 m3 fjell.
Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Eventuell klage eller merknad til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan tre veker etter vedtak.