Vedtak om endring av løyve - Aasen Bildemontering AS

Statsforvaltaren vedtek å endre Aasen Bildemontering AS sitt løyve til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy i Hareid kommune.

Publisert 09.11.2022

Verksemda har fått løyve til lagring av vrakbilar og bildelar innandørs i Kvitnesvegen 57. Løyvet endrast frå mottak av 1500 bilar til 2500 bilar per år, og frå 200 samtidig lagra vrak til 400 samtidig lagra vrak.

Vedtak med endra løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 30.11.2022.

Kontaktpersoner