Settestatsforvaltar - løyve til mudring i Gaulosen i Melhus kommune
Statsforvalteren i Trøndelag får løyve til mudring i Gaulosen i Melhus for å auke djupna i elveosen for å sikre verneverdiane innanfor Gaulosen naturreservat. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er oppnemnd til settestatsforvaltar i saka.
Det skal mudrast om lag 7 500 m3 massar frå eit areal på om lag 6 650 m2. Mudringsmassane skal leggjast på elveholmen Storøra. Tiltaka er planlagd utført med amfibiemaskin.
Løyvet er gjeve av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, som er oppnemd til settestatsforvaltar i saka.
Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Eventuelle kommentarar til vedtaket skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker etter vedtak.