Revidert utsleppsløyve til Kvernberget lufthamn i Kristiansund

Avinor AS avd. Kristiansund lufthamn får etter søknad revidert utsleppsløyve.

Publisert 09.10.2024

I løyvet er det regulert mellom anna forbruk av avisingskjemikaliar, utslepp av PFAS-forbindingar gjennom infrastruktur ved aktivt brannøvingsfelt og bruk av middel til sløkking av brann. Det er òg gjeve mellombels dispensasjon frå krav om utsleppsleidning til Omsundet.

Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på sida.

Kommentarar eller klage på vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker.

Kontaktpersoner

Dokumenter