Møre og Romsdal fylkeskommune får løyve til tiltak i sjø

Møre og Romsdal fylkeskommune får løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved ferjekaiene Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy i Sande og Vanylven kommunar.

Publisert 12.12.2022

Tiltaka omfattar mudring, sprenging og utfylling i sjø. Det skal til saman mudrast 5400 m3 og fyllast ut 3750 m2. Hensikta med tiltaka er oppgradering av ferjekaiene. Tiltaka er planlagd utført frå april 2023 til desember 2024.

Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle merknadar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 09.01.2023.

Kontaktpersoner

Dokumenter