Løyve til utfylling ved Torjulvågen i Tingvoll kommune - Nordic Halibut AS
Statsforvaltaren vedtek løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø i eit område på om lag 2700 m2 ved Torjulvågen i Tingvoll kommune.
Publisert 13.02.2023
Det skal nyttast om lag 10.000 m 3 reine massar. Utfyllinga skal leggje til rette for nye næringsbygg.
Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Klage eller eventuelle merknadar skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker etter kunngjeringa.