Løyve til utfylling ved Grandfjæra i Molde

Grand Fiære Utvikling AS får løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr. 25 bnr. 984, 1383 og 1496.

Publisert 11.11.2022

Dei skal fylle ut med om lag 30 000 m3 massar, i tillegg til plastring, i samband med utvikling bustadsområde med ny sjøfront. I tillegg skal det etablerast ein molo tilsvarande om lag 50 000 m3 massar, i tillegg til plastring. Tiltaket skal etter plana utførast i perioden 2022-2025. 

Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan tre veker.

Kontaktpersoner

Dokumenter