Endra utsleppsløyve til Måsøval AS ved Gaustad i Hustadvika
Måsøval AS har fått endra løyvet etter forureiningslova til utslipp frå produksjon av matfisk av laksefisk ved anlegget i Gaustad i Hustadvika kommune.
Publisert 04.04.2023
I det endra løyvet er maksimal tillate biomasse (MTB) ved anlegget auka frå 1560 til 3120 tonn.
Vedtak med endra løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker frå vedtaket sin dato.
Kontaktpersoner
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74