Viktig hjortetrekk på Vatneeidet

Om undersøkinga av hjorten sin ferdsel over Eidet skal skje på rett grunnlag, må ulovleg etablerte tiltak i hjortekorridoren fjernast. Illustrasjonsfoto.
Om undersøkinga av hjorten sin ferdsel over Eidet skal skje på rett grunnlag, må ulovleg etablerte tiltak i hjortekorridoren fjernast. Illustrasjonsfoto. Foto: Pixabay.com.

Kva skal vere viktigast når området Eidsvika og Vatneeidet skal regulerast på nytt? Bustader eller naturmangfald? Midt i dette populære området ligg ein hjortekorridor.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.12.2021

Av Ulf Lucasen, assisterande direktør miljøavdelinga, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren støttar at hjortens ferdsel over Eidet skal undersøkast i samband med kommunen sine nye planar om regulering. Men om undersøkinga skal skje på rett grunnlag må ulovleg etablerte tiltak i hjortekorridoren fjernast. Pålagte rettetiltak som ikkje er tilfredsstillande løyste må utbetrast. 

Attraktivt for dyr og menneske

Eidsvika -Tennfjord - Vatneeidet er eit attraktivt område. Over fleire år har kommunestyret prioritert bustadutvikling her. Det interkommunale samarbeidsprosjektet PAKT, plan for areal, klima og transport i Ålesundsregionen vurderer området som eit sentrum. Det er altså ikkje berre hjorten som har sterke interesser her.

No skal kommunen vurdere å regulere området på nytt, og i samband med dette også undersøke hjortens ferdsel over Eidet.

Tidlegare hadde hjorten tre markerte trekkruter over Eidet; vest gjennom Eidsvika, aust ved kyrkja og sentralt der hjortekorridoren ligg i dag. Trekkrutene i vest og aust er no anten gjenbygde, eller er planlagt gjenbygd. Kompromisset i kommunanes planar har vore å behalde og sikre den siste viltkorridoren på Eidet. Korridoren skal ha busk- og trevegetasjon og vere fri for tiltak. Dette har ikkje vore gjennomført.

Trygg framtid for folk og natur

Sidan hjortebestanden er stor i vårt fylke, vert det ofte trekt den feilaktige slutninga at hjorten ikkje har behov for særskilte omsyn.

Vi skal forvalte areala våre godt. Da må vi også forvalte dyrebestandane våre godt. Vi må sikre sunne bestandar, og det må skje i rimeleg balanse med andre samfunnsinteresser.

Uansett storleiken på bestanden treng hjorten tilgang på ulike areal til ulike tider av året.

Det ligg i hjorten sin natur å gå frå område til område. Dei har vår- og hausttrekk. I hovudsak kan vi seie at hjorten søker inn i landet og opp i høgda om våren. Om hausten trekker dei tilbake, utover mot kysten og nedover til lågareliggande område.

Trekket gir hjorten tilgang til større og næringsrike beiteområde i takt med årstidsendringane. Trekket er og til dels overlappande med brunsten og spelar soleis truleg også ein viktig rolle for videre sunn forplantning.

Korleis skal vi nytte areala våre på ein god måte, slik at vi skaper ein trygg framtid for folk og natur?

Forringa korridor må utbetrast

Hjorten har ein trekkveg mellom indre og ytre leveområde over Vatneeidet. Den vandrar om natta og i skumringa. Tilhøva i den siste viltkorridoren gjennom Eidet er betydeleg forringa dei seinare åra. Til dømes er vegetasjon fjerna.

Kanskje tek hjorten no sjansen på å velje andre kryssingsløysingar der den i større grad utsett seg for risiko som eksponering, trafikkfare eller symjing?

Statsforvaltaren tar her stemma til dei stemmeløyse. Vi vil ta vare på dei økologiske rammene hjorten er avhengig av for å oppretthalde sin naturlege livssyklus. Naturmangfaldverdiar på Vatneeidet bør haldast i hevd, i samsvar med FN sitt berekraftmål nr. 15 om å verne livet på land.

Om vi skal undersøke om hjortekorridoren på Eidet fungerer etter formålet, må det vere ein tilfredsstillande korridor. Naturen må vere ført tilbake til slik den var før det vart gjort ulovlege tiltak i korridoren. Dette kan ta år. Men vi bør vente. Om ikkje står vi i fare for å ta ei avgjerd på feil grunnlag.

Ulf Lucasen er assisterande direktør på miljøavdelinga til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Ulf Lucasen er assisterande direktør på miljøavdelinga til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Lena S. Sandvik / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.