Meir skog vert verna i fylket
Regjeringa har oppretta nye skogreservat i Fjøseid og Vasselen i Tingvoll. Det skjer etter at grunneigarane ga tilbod om frivillig vern.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bilde frå Fjøseid. Foto: Øivind Leren
I tillegg får naturreservatet i Todalsdalen i Aure ei større utviding. Alle vernevedtaka har komme etter at grunneigarane tilbydde frivillig vern av skogen sin.
– Vern av skog er viktig for å ta vare på mangfaldet i skogen og naturen vår, seier prosjektleiar Ola Betten hos Statsforvaltaren.
Vedtaka vart gjort i Statsråd 27.11.2020.
I Todalsdalen er nye 5130 dekar av skogen no freda.
– Naturreservatet består for det meste av rik edellauvskog av stor verneverdi. I tillegg er det fleire andre typar lauvskog og gamal furuskog. Dette gir eit reservat med stort mangfald. Naturreservatet er ikkje samanhengande, og Statsforvaltaren håper at fleire grunneigarar no ser moglegheita av å tilby vern av desse verdifulle skogane, seier rådgivar Hege Steigedal hos Statsforvaltaren.
Raudlista og rike
Fjøseid ligg på austsida av Sunndalsfjorden. Området er knapt 2400 dekar, og inneheld fleire lokalitetar med rike edellauvskogar. Her er påvist fleire raudlista, altså utryddingstrua, artar av lav og sopp. Lokalitetane er rike på alm.
– Vasselen i Straumsneset er og ein rik edellauvskog. I området på ca. 300 dekar er det mest hassel, og det er funne raudlista lavartar, seier Ola Betten.
Målet med naturreservata er å ta vare på tilnærma urørte naturområde av stor verdi for naturmangfaldet. Både skogtype og førekomst av truga artar vert vektlagt.
Frivillig vern viktig
Stortinget har vedtatt at 10 prosent av skogen i Noreg skal vernast. Vernevedtaket er eit resultat av satsinga på frivillig skogvern.
– Ordninga har blitt ein stor suksess. Det har blitt etablert fleire naturreservat på indre Nordmøre dei seinare åra. Fleire område i heile fylket er under behandling, og Statsforvaltaren forventar minst like mange vernevedtak i 2021, fortel Steigedal og Betten.
Dei avslører også at det kjem nye tilbod frå interesserte grunneigarar, også for svært store område. Det er Allskog som skaffar tilboda.
– Statsforvaltaren vurderer om skogareala har ein slik kvalitet at dei kan få status som naturreservat, og gjennomfører høyringar. Det blir forhandla fram erstatning for tapte inntekter til grunneigarane. Staten betaler alle sakskostnader, forklarar Ola Betten.