Marint vern - Giske
Eit sjøområde i Giske kommune skal vurderast som eit marint verneområde. Planområdet er omlag 68 km2 stort. Området omfattar sjøområdet mellom Giske, Valderøy og vestsida av Vigra. Giskerevet og områda vest og aust for dette er med.
Giske er eitt av 36 kandidatområde som skal utgreiast som marint verneområde med utgangspunkt i tilråding frå Rådgivande utval for marint vern. Arbeidet med marint vern er forankra gjennom stortingsmelding 26 (2020-2021) «Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur». Marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak skal bidra til å ta vare på viktig undervassnatur og økologiske funksjonar
Presentasjon frå informasjonsmøte om høyringsforslag Giske marine verneområde 17.09.2024
Informasjonsmøtet om høyringsforslag for Giske marine verneområde samla 22 personar kl. 1800 på Giske rådhus tysdag 17. september 2024. Statsforvaltaren sin presentasjon finn du her.
Publisert 21.08.2024
Høyring - forslag til Giske marine verneområde
Forslag til Giske marine verneområde er på høyring fram til 31. oktober. På informasjonsmøte 17. september kl. 1800 kan du høyre meir om verneforslaget og verknader av vern.
Publisert 14.03.2024
Utkast til verneplan for Giske marine verneområde er sendt til fagleg godkjenning
Statsforvaltaren har sendt utkast til verneplan for Giske marine verneområde til fagleg godkjenning i Miljødirektoratet.
Publisert 28.05.2021
Referat frå arbeidsmøte 10.05.2021 om naturfagleg grunnlagsrapport
Statsforvaltaren hadde eit arbeidsmøte med kommunane, regionale etatar og viktige næringsinteressentar 10.05.2021. Presentasjon og referat frå møtet finn du i denne artikkelen.
Publisert 22.03.2021
Naturfagleg grunnlag Giske
Akvaplan-Niva har på oppdrag frå Statsforvaltaren utarbeidd eit naturfagleg faggrunnlag for arbeidet med utforming av verneplanen for marint vern i Giske. Rapporten oppsummerer kjent kunnskap om naturverdiane i området, og kjem med forslag til referanseområde.
Publisert 14.10.2019
Referat frå første møte i arbeidsgruppa – marint vern Giske
Første møte blei held 17.10.19 på Alnes fyr. Her vart mandatet for gruppa stadfesta. Møte omhandla hovudsakeleg kva slags kunnskap som trengs for det vidare arbeidet med marint vern i Giske kommune. Sjå vedlegg for møtereferat.
Publisert 20.08.2019
Oppsummering av høyringsinnspel på oppstartsmelding for marint vern Giske
Det kom inn 13 høyringsinnspel på oppstartsmeldinga. Innspela kan lastast ned og lesast frå denne sida.
Publisert 04.06.2019
Arbeid med marint vern - Giske
Eitt sjøområde i Giske skal vurderast som eit marint verneområde. Planområdet ligg i sin heilheit i Giske kommune i Møre og Romsdal fylke, og er omlag 68 km2 stort. Området omfattar sjøområdet mellom Giske, Valderøy og vestsida av Vigra. Giskerevet og områda vest og aust for dette er med.
Kontaktpersoner
-
Bjarne Otnes
Tlf: 71 25 85 75
Omtale av Giske marine verneområde
Grunnområdet ved Giske er eit av dei få områda i Sør-Noreg med store grunne areal med sand- og mudderbotn. Det omfatter dei grunne områda vest for øyene Vigra og Giske. Giskerevet strekk seg som eit grunt parti frå langgrunne tidevassområde nord og vest for Giske nordvestover mot øya Erkna. Her består botnen av sand, skjelsand og stein. Mellom Giskerevet og Vigra går det ei djupare renne (20-46 m) innover mot Valderøya. Her er det i hovudsak sandbotn med noko mudder i dei djupaste og inste delane. På sør- og vestsida av Vigra er det langgrunne tidevassområde særleg i Vikebukta, Synnesvågen og Rørvikvågen. Utanfor Rørvikvågen er det eit avgrensa djupare parti (33 m) med sandbotn. Rundt dette er det grunområde (<10 m) med vekslande botnforhold med sand, grus, stein og fjell.
Det er godt utvikla tareskog i delar av området, i hovudsak i djupneeintervallet frå ca. 2-15 m. Dette gjeld ytre (vestlege) del av Giskerevet mot Erkna og områda vest for Vigra. Den marine faunaen er ikkje godt undersøkt, men består av eit rikt mangfald av artar karakteristiske for grunne område med sand, grus, stein og fjell. Dette omfattar gravande former (bl.a. mange artar av skjell) på sandbotn og fastsittande former på stein og fjell. Tareskogen er habitat for ei rekke ulike fastsittande og mobile artar.