Eit nytt skogområde og to utvida naturreservat er verna ved frivillig vern
Tre område i Møre og Romsdal vert naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at naturverdiar i mellom anna rike og gamle edellauvskogar og gammal boreal lauvskog med urskogspreg blir tatt vare på for kommande generasjonar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Alle foto: Øivind Leren
Naturreservata vart oppretta og utvida av regjeringa 20.06.2023 og ligg i Ørsta, Rauma og Aure.
Barlindneset – lauv, urter og fuglar
– I det nye verna området ved Barlindneset finn vi ein god del større almetre på bratte berg ned mot sjøen i nærleiken av Molaupfonna, fortel Hege Steigedal, hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Ho seier at det i og ved elvegjelet er rike lauvtre som osp, rogn, alm og hassel.
– Skogen har i hovudsak rikt hasselkratt og gråor-almeskog, men òg innslag av gammal bjørkeskog. Somme stader er det godt utvikla lågurtvegetasjon med firblad, fuglereir, jordnøtt, myske, ramslauk, sanikel, skogfredlaus, skogsvinerot, sumphaukeskjegg og trollurt. Skogen husar også eit rikt fugleliv med mellom anna dvergspett i ospeholt, seier Steigedal.
Utvidinga av Barlindneset er på 1300 dekar i den sørvendte sida av Hjørundfjorden. Her er store naturverdiar knytt til edellauvskog med mellom anna gamle almar og sjeldne orkidear og lav.
Hosetegga – hassel, furu, urter og lyng
– Utvidinga ved Hosetegga er eit makebytte der vi tek ut områder med planta gran i bytte mot naturskog. Området som vi tar inn er ei direkte utviding av naturreservatet med lik vegetasjonsstruktur som inne i kjerneområdet, fortel Steigedal.
Ho omtalar skogen der som ein mosaikk av rike hasselkratt mot meir furudominerte område. Over det meste av området er det lågurtskog, men det finst og litt fattigare røsslyngskog, og litt blåbærskog.
– Utvidinga er med på å styrke naturverdiane i det eksisterande verneområde og er eit resultat av godt samarbeid med skogbruket.
Grisetstranda – edellauvskog og stort artsmangfald
I tillegg får Møre og Romsdal eit splitter nytt naturreservat ved Grisetstranda i Rauma.
– Her strekk naturreservatet seg frå fjord til fjell og kjenneteiknast av rik edellauvskog med alm-lindeskog utforming med innslag av gråor-heggeskog i nedre deler og meir bjørkedominert skog i øvre deler, seier Steigedal.
Ho fortel at skogen her er svært lite påverka og inneheld eit stort mangfald av edellauvskogsartar og ein del daudt trevirke som gjer at området har svært høg biologisk kvalitet. Treslaga er fordelt mellom mykje hassel, alm, bjørk, osp og selje, rogn og platanlønn.
Botnvegetasjonen er dominert av lågurt- og høgstauder med ein del bregnerike parti.
Indikatorartar
Indikatorart er ein art som lever i spesielle naturtypar og kan fortelje oss at her har vi et spesielt miljøforhald. Indikatorartar blir brukt fordi det ofte er lettare, raskare og meir presist å observere enn å måle miljøets fysiske og kjemiske eigenskapar over lang tid.
Indikatorartar på rike edellauvskogar som er funne ved Grisetstranda naturreservat er: breiflangre, fingerstorr, hengjeaks, kranskonvall, krossved, liljekonvall, myske, myskegras, sanikel, skogfaks, skogsalat, skogsvingel, svartburkne, trollbær, brunrot, bruntelg, fuglereir, haremat, jordnøtt, junkerbregne, krattfiol, maurarve, nattfiol, slakkstorr, storklokke, svarterteknapp og vårmarihand. Lungeneversamfunnet er somme stader godt utvikla, i tillegg til kystnever, skrubbenever, stor vulkanlav og soppar som ametystsopp, borkhårskål, flatkjuke, kantarellvokssopp, Lasiobelonium lonicerae, Lopadostoma pouzarii, rotgråhatt, Stictis radiata.
Steigedal fortel at fuglefaunaen er svært rik i Grisetstranda med 42 registrerte artar fram til 2001, mellom anna hekkande kvitryggspett og grønspett.
– Desse naturreservata vil bidra til oppfylling av fleire manglar ved skogvern særleg knytt rik edellauvskog, seier Steigedal.
Skal ta vare på biologisk mangfald
Noreg har forplikta seg til å ta vare på det biologiske mangfaldet gjennom internasjonale avtaler og nasjonale målsettingar.
– Eitt av tiltaka er vern av viktige skogområde for å bevare eit representativt utval av ulike skogtypar for kommande generasjonar. Nær halvparten av alle truga artar i Noreg lever i skogen, og gjennom vern sikrar vi leveområde for artane, fortel Marita Fjelle hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Ho fortel at vern av skog har vore eit prioritert område for verneplanarbeidet i Noreg dei siste 20 åra.
– Dette er ei velfungerande ordning der både grunneigarar og forvaltninga er godt nøgd med resultata.
Forringer ikkje andre samfunnsinteresser
Fjelle fortel at Statsforvaltaren har vurdert konsekvensane av vernet.
– Vi har komme fram til at det ikkje vil forringe andre samfunnsinteresser, som til dømes skognæring, seier ho.
Vedtaket frå regjeringa vil gjere at om lag 1,8 km2 skog blir verna i fylket.
– At skogen blir verna fører med seg restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan bidra til endringar i naturmiljøet er forbode. Å sette opp nye bygg, hogge ved, drifte og skjøtte skogen, dyrke nye område, eller køyre med motorkøyretøy vil ikkje vere lovleg. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad, seier Fjelle.
Vanlege friluftslivsaktivitetar vil kunne halde fram som før.
– Vernet er ikkje til hinder for vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.